I dag tok eg bilde frå altanen igjen, men klokka var nesten 5(17) så det var nokså mørkt. Kvelden kjem tidleg no.Men det er + 10 grader, så eg klagar ikkje. Dessutan har eg det varmt og godt inne fordi eg fyrer med plommetreet, og det brenn veldig godt no.
I dag har eg gjort litt nytte for meg. Eg starta dagen med å fylle bilen med svarte sekkar, ca10 stk.men sekkane var lette fordi det var mest tørre kvistar frå hekken.
Eg handla litt mat på heimvegen og gjorde klart til eit måltid før eg sette meg til å strikke.Men så tok eg meg sjølv i nakken-ikkje mat no og ikkje strikk! No skal bilen vaskast! Og vask vart det både utanpå og litt inni, dessutan støvsuga eg -ikkje fritt for at det blir litt rusk etter alle turane mine på VØR. Det var veldig kjekt å få litt orden på bilen. Men eg må no snart få på dei nye hjula, og det greier eg ikkje sjølv. Eg har vore vand til at ein av gutane/mennene har gjort det. Einar hadde meldt seg i år, men no har han reist til London, og eg har fått ordre om å ta hjula med og få dei til og ordne det på verkstaden. Det spørs kor det går. Så lenge det er så mildt som no slappar eg litt av.
Det var så fint ei stund i dag, og eg var nokså bra i foten, men det vart ikkje til at eg gjekk tur likevel. Har styra litt med klesvask etc.og eg har sete og strikka ei stund, men så må eg øve på spansk-leksa. Lærdommen går ikkje så lett inn no, som då eg var ung. Men eg treng no ikkje å lære spansk, det er berre for moro skuld, for å komme i lag med folk etc. Det har lett for å bli til at eg går her heime åleine viss eg ikkje kjem meg ut på eitt eller anna. I morgon skal eg på trening, onsdag er det spansk torsdag er det trening+ møte i pensjonistlaget, så det blir no litt sosialt denne veka.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar