søndag, november 02, 2025

Dagbok 2025: 2.november


For nokre veker sidan hadde eg storopprydding i skuffer og skap, og fann mange bortgøymde skattar i form ev handarbeid. Sjølv er eg ei kløne når det gjeld til dømes broderi, men eg har mange fine ting som eg har fått frå dei som kan. Dette har eg fått av Tone dottera til Anne. Marie, systra til Nils.  Det var ei tid det var så in å ha slike "strengar " hengande på veggen, men så vart det mindre moderne og eg har lagt det bort for ei tid. Men no då eg såg det att kom det fort på plass igjen. Eg fann andre fine ting også, som eg rett og slett hadde gløymt, men som no har sett dagsens lys igjen.

 

                         Bildet er tatt klokka16.30 i dag. Eg nyt den nye utsikta mi.

Klokka er no 16.30 , temperaturen ute er + 9 graderC . Det har vore opplett i dag, men no står det på skjermen at det skal bli regn i morgon. Det likar eg ikkje så godt, for eg har tenkt meg på VØR med mange sekkar hageavfall.

Eg har vore inne i heile dag, nesten, var ein tur ut og spylte litt meir på plenklipparen, men no har eg sett den på stallen, Elles fyrer eg i omnen med store gode kubbar frå plommetreet. Varmepumpa har eg slått av så lenge.

Eg har ikkje gjort så mykje i dag, eg har jobba med spanskleksa, så har eg strikka litt, men då sovna eg i stolen. Det var berre bra for eg søv jamt over for lite. Eg reknar med at Solveig og Øystein er på heimveg frå Bergen.  Margrete er vel opptatt med Svein, som har fødselsdag i dag.

Komande veke har eg fullt program , med trening, spansk-kurs og møte i pensjonistlaget, og får eg tid til overs har eg mykje å bruke den til. No skal eg først og fremst finne meg ein kaffikopp.Og få på TV-en igjen.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...