I dag har eg gjort lite og ingen ting til gagns. Eg var ikkje heilt i form då eg stod opp, men kom meg litt etter kvart. Det vart slik at eg eg møtte opp på spansken i dag også, under tvil. Vi var ikkje mange i dag så det vart litt meir intimt enn vanleg.
Då eg kom heim att vart eg sittande å strikke ,etter at eg hadde fyrt godt i omnen. Eg brukar å sette på nyheitene på TV-en og så høyrer eg om att og om att det same ørten gongar. Eg gjorde ferdig eit lestepar, og vog lestene og garnet eg har att og fann ut at eg kan strikke enda eit par av garnet eg har. Solveig held meg med garn stort sett, og ho tek vare på leste-lageret.
Eg var ikkje heilt på topp i dag, som sagt, så vi vart samde om å avlyse pensjonistmøtet i morgon, både Marit og eg. Ho ordna det. Vi må melde på om vi skal kome på møta fordi dei bestiller mat. Slik gjorde vi det ikkje før. Ein annan ting er at eg likar ikkje å køyre bil når det er mørkt, så eg hadde likt betre at møta var tidlegare på dag, men så er det dei som ev. skal underhalde-dei er kanskje på jobb til det lid langt på dag.
Eg hadde no i grunnen lyst å vere der, men det vart for mange MEN-.
Marit har også valt bort treninga i morgon, men dit kan eg fare viss eg vil. Kjem an på dagsforma.
Det er mørkt og regnfullt ute og eg likar ikkje denne årstida, godt at vi har jula å sjå fram til, tida går fort.
Eg har ikkje gjort noko med bilhjula, eg ser ikkje for meg korleis eg skulle klare åleine å få hjula inn i bilen og køyre på verkstaden. Eg trur ikkje ryggen held. Så eg er i grunnen glad for at det er mildver og regn, enn så lenge.
Eg bur ikkje heilt åleine.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar