torsdag, november 06, 2025

Dagbok 2025: 6.november

Bildet er tatt frå altanen klokka14.45, det har regna litt i heile dag. Eg køyrde inn Olavsgata litt før og såg at alle tre og busker i Barstadhagen var vekke, så det som no stenger litt for utsikten er det som står på min "eig".

Klokka er no 15.12,temperaturen ute er ca 10 grader C, og eg er glad det ikkje er kaldare. Men eg fyrer i omnen med skrotved , og slår av varmepumpa. Eg må rydde litt plass i garasjen  til eg skal skifte hjul.

I dag er det pensjonistmøte, men Marit melde oss av i går. Ho er forkjøla  og eg var ikkje i form.I dag følte eg meg frisk , så eg for på treninga, men eg kjem ikkje til å fare på pensjonistmøtet, ikkje berre er det DET at vi har meldt oss av, men eg likar ikkje å køyre når det er så mørkt. Det går heilt fint å køyre om kvelden når vi får snø. Altså blir eg heime i dag. 

Men så var spørsmålet; Kva skal eg gjere til gagns? Eg fann på at eg kan male litt; kvitmaling har Einar kjøpt til meg, men eg trong ein veldig liten pensel, til vindua etc. Så det blei ein ekstra tur til Vik og "Målar-Olav". Eg kjøpte ei flaske med White Spirit også, det treng vi(Einar og eg) å ha i hus-. Kor mykje eg kjem til å male står att å sjå. Men eg går no og klattar litt her og der.

Eg gjekk forbi den nye blomsterbutikken ved sidan av Målar-Olav og der var veldig mange nydelege  grav- kransar, men eg synest det er litt tidleg å legge på julekransane no. 


I dag fall eg for freistinga og kjøpte denne kaktusen på KIWI-eg som ikkje likar at  matbutikkane sel blomster-altså.



 

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...