lørdag, mai 03, 2025

Dagbok 2025: 3.mai

 

 

Klokka er no 22.41, temperaturen ute er +2  grader, og i dag har vi hatt både opplett og litt regn-men ikkje sol, ikkje særleg mykje varme heller. Såg at der var kome litt nysnø i fjella somme stader.

Eg hadde studert litt på kva eg skulle bruke dagen til, men det vart berre det vanleg, på KIWI for å kjøpe mat. og ein tur på Vernet. Før eg gjekk på butikken svinga eg bortom gravplassen og sjekka om der såg bra ut. Det gjorde der, for påskeliljene var ikkje avblomstra. Då eg kom heim tok eg ein runde på Vernet, der var ikkje mykje folk idag. Eg laga meg mat, såg litt TV og strikka. Det enda med at eg sovna og det kunne eg godt gjere så tidleg som eg sprett opp om morgonane.

Marit var heime åleine og ville at eg skulle komme opp, så vi hadde oss ei god pratestund med kaffi og noko attåt. Dei skal ha konfirmasjon i morgon, det blir stort selskap på Kulturhuset. Marit fortalde at då dei heldt på å gjere seg klar og fare, ville Lollo, katten; gå ned til meg. Og i morgon vil ho sikkert vere her for då er det tomt hus der oppe, og eg har katte-maten her.

No i kveld har eg sete og sett Stjernekamp, og eg vart ikkje forundra over at KIM vann, det sa eg før serien begynte. Har er så godt kjend frå demens-kora og han er flink og sympatisk.

Eg hadde litt plunder med å få TV-en på rett spor men til sist vart det heilt perfekt, med skriftleg norsk tekst, slik som eg vil ha det-på alle program. 

I morgon, sundag, veit eg ikkje kva eg skal ta meg til, men eg har mykje å velje mellom.





Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...