fredag, mai 02, 2025

Dagbok 2025: 2.mai


No er klokka 18.24, temperaturen ute er + 6 grader og det regnar.

Eg kom nettopp att frå ein tur på Fonnvernet, det var friskt og godt med litt vind og regn. Vi treng litt regn om våren til alt som skal vekse og gro, men eg skulle ønske eg hadde fått rydda opp meir før regnet kom.

Sidan det er fredag tok eg ein liten fredagsvask på føremiddagen, så tok eg meg litt mat før eg sette meg til å få er sudoku i mål. Men før eg hadde greidde det fekk eg besøk av  Amanda og Erlend. Det er så greit at Amanda har sin eigen bil, slik at dei kan ta ein Ørstatur og besøke meg og Lars til dømes. Kjekt å få besøk i alle fall. 

Eg var litt i tvil om eg skulle gå på Vernet i regnveret, men eg gjekk og syntest det var godt å ere ute.Eg har dessverre ikkje fått gjort så mykje i hagen -mykje på grunn av veret. Men der står store oppgåver og ventar. Erlend og eg skal ta ned plommetreet, og så har eg snakka frampå om vi skal lage ein potetåker. Eg kan no ikkje ha plen over alt !


Her ser vi dei tre små trea som Wenche planta i fjor; dei kjem sikkert til å vekse fort når dei kjem i gang.Bra at eg laga til dette jordstykket i fjor, for i år veit eg ikkje om ryggen toler så mykje.


Her stod den store klungerrosa "Rosa Moyesi"som Rasmus hjelpte meg å fjerne i fjor. Eg veit ikkje kva som skal skje her. Men eg har no kjøpt nokre sekker med mold som kan komme godt med. 

Eg må innrømme at eg har ein altfor stor hage til at eg kan stelle den heilt åleine no når eg er gammal og har dårleg rygg. Skal ein hage vere fin å sjå til, krevst det ein god del arbeid. Naboane mine på begge sider har fine og velstelte hagar, men dei er to.Elles så er det no litt av kvart å sjå rundt omkring.  Eg lurer på om eg skal låne ei geit eller to over sommaren?
 

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...