Klokka er no16.37, tempereturen ute er +10 grader og det regnar, men i dag begynner vi på den skjønne, milde mai, så då håper eg vi får ein mai-månad like så fin som i fjor.
I dag morgon vakna eg relativt tidleg som alle dagar. Eg gjekk straks ut på altanen og skulle heise flagget. Men så såg eg på klokka og lurte på om der var grense for kor tidleg ein skulle heise flagg. Eg sjekka på nettet og det var bra for eg var nok litt tidleg ute. Så eg tok inn att flagget og laga meg frokost. Klokka8 var eg klar for flagg igjen.
Eg hadde ingen planar for dagen, og det er dumt for så kjem ein seg ikkje til med noko heller-anna enn å sitte framfor TVen og strikke. Eg vart sittande ei stund før eg kom meg ut og gå min daglege tur på Vernet. Veret var ikkje så strålande, men det var no nesten opplett, så det gjorde godt med ein tur. Eg møtte berre 2 som eg kjenner i dag , eit par med hund.Men der var folk ute og gjekk -det leid lang ut på føremiddagen.
Då eg kom heim laga eg meg litt mat, men ikkje middag akkurat, det kan det bli seinare.
Eg har ikkje vore så flittig å vere i lag med dei som er på samme lag som eg. Eg er innmeldt i eit parti, og eg betalar kontingenten min, men går aldri på møta, så eg vart ikkje i lag med dei andre denne dagen heller. Nils var meir aktiv i politikken, men eg har stort sett vore sympatisør. Sakna litt dei tilstellingane vi har brukt å vere på i Volda, også etter at Nils var død, men eg trur ikkje det er samme opplegget no.Eg kan høyre med Margrete.
Altså har eg vore her heime, strikka, sett TV etc. Og det er heilt greit for meg. Men i morgon trur eg det må bli ein tur til Vik for å handle litt. Vi skal no snart ut og reise, så då treng eg å oppdatere meg litt i klesvegen.
Overskya på flaggdagen, håper det blir finare den 17.slik som i fjor-



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar