Klokka er no17.21, temperaturen ute er + 9 grader og sola skin. Det har vore ein fin dag, men ikkje så varmt som vi hadde det litt sidan.itt sidan som vi hadde de for litt sidan.
I dag har eg vore heime åleine , men eg hadde ein rtur på Vernet og i dag fekk eg ei ny venninne. Ho likte å prate med folk ho treffer og ho presenterte seg som Inger, meir veit eg ikkje om henne, men det var kjekt å prate med henne. Marit og eg snakkar ofte om at vi må ha nye venner -dei gamle går bort. I dag er Marit i konfirmasjon til barnebarnet Mari-Ella.Dei held til på Kulturhuset så vi merkar ikkje noko her i gata. Men eg hadde no ut flagget likevel, det stod så lageleg til .
Etter at eg hadde fått meg litt mat etc. gjekk eg ut i hagen og tok opp løvetannrøter, eg har ein heil svart sett nesten full, men eg greidde ikkje meir i dag-det er den ryggen, elles er kroppen bra i stand.
No kjem det til å bli ei travel veke for "pensjonisten". I morgon skal eg til lege kl.11.Det er fornying av førarkortet som står på planen min. Tysdag er det trening som vanleg , onsdag veit eg ikkje kva eg må gjere, men torsdag er det både trening og frisør, og fredag går det sørover-om eg ikkje tek feil. Konfirmasjonen er på laurdag og så blir det heimreise sundag. Eg er heilt ute av reiselivet, med unntak av dagsturar, så eg veit ikkje korleis det går. Men det går vel bra-får eg håpe. Gler meg til å komme til Kongsberg igjen, dette er den tredje og siste konfimanten i den familien- og den siste av barnebarna mine. KOnfirmasjonen til oldebarna rejknar eg ikkje med å få med meg.
I dag matar eg Lollo, sidan Marit ikkje er heime. Men katten veit kvar han får mat, så eg kan berre rope på henne , så kjem ho.
Det er veldig mykje som skal gjerast i hagane no framover, men berre ein greier det så er det kjekt.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar