tirsdag, mai 27, 2025

Dagbok 2025: 27.mai

Klokka er no 20.24. temperaturen ute er +9 grader og det er skya. Det har også regna i dag, så eg har ikkje vore mykje ute. Vi var på trening10-11, så var eg ein tur på ALTI mens Marit sat i bilen. Eg skulle ha nokre tablettar på apoteket og litt"vaskemidlar på Europris.

Resten av dagen har eg vore her heime åleine  og gjort diverse småjobbar. Mest jobb er det med telefonen. I dag fekk eg ei heil rad med meldingar frå Tussa, den første var skriven i desember 2024. Eg fekk den i dag. Det er noko skikkeleg gale med den telefonen, men eg veit ikkje kva eg skal gjere med det.

Det har ikkje blitt mykje gjort her i huset i dag, det har gått opp berre i tull. Men eg har no løyst sudokuen og laga i stand gjesterommet i kjellaren, om ikkje anna. Eg får ta kontakt med Tussa i morgon, kanskje eg fer bort på kontoret deira, eg likar betre å snakke utan telefon. 

Eg likar ikkje dette våte veret for eg får ikkje gjort noko ute, og det er det eg vil.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...