Klokka er no17.24,temperaturen ute er + 17 grader, vi har hatt fint ver ei stund no, men på PC-en står det:Regn kommer, og det trur eg så gjerne.
Det var bra ver etter at eg var ferdig med frokosten, så eg gjekk ut og såg på klipparen. Sist eg klipte stoppa eg fordi der var bensintomt-trudde eg. No viste det seg at der var nokså mykje bensin på klipparen, så eg bestemte meg for å klippe plen. Eg hadde ikkje før tenkt tanken, så pøsregna det.
Marit ville at eg skulle komme opp i dag så ho kunne fortelje koleis ho dhadde hatt det i selskapet i går. Det passa for så vidt bra, sidan eg ikkje fekk gjort noko ute. Men då eg kom heim fekk eg gjort noko inne. Rommet til Kongsberg-gutane hadde stått urørt sidan dei var her sist, så no sette eg i gang og vaska sengetøyet og golvet og hadde ut teppa. Så no står det berre att å re opp sengane.
Og så var det blitt fint ver og eg kunne sette i gang klipparen, og klippe til det var tomt for bensin. Eg fekk klipt nokså mykje, men det står ein del att nede i skråninga, så då må eg ha bensin.Eg synest eg har det bra i orden i hagen, når ein tenkjer på at eg er gammal og åleine. Men eg likar å halde på ute, berre eg er nokonlunde smertefri.Og det er eg som regel.
I morgon skal vi på trening, men torsdag får vi fri , for då er det Kristi Himmelfartsdag-og Amanda har bursdag. det er mange andre som har bursdag no når vi kjem til juni. Solveig har fødselsdag 3.juli-men då blir det opphald til Erlend fyller år i november.
No skal eg finne noko å ete eller drikke, det høyrer med når ein klipper plen, men eg har no ete "middag" før i dag, så det får vel bli kaffi.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar