søndag, mai 25, 2025

Dagbok 2025: 25.mai

Nokre av dei fine blomstrane eg fekk på bursdagen min står like fine enno.


Klokka er no 15.58 og det er enno mykje att av dagen, men eg veit ikkje om eg finn på så mykje meir i dag . Sist natt sov eg utan sovetablett på mange, mange år.Eg ville prøve om det gjekk bra. og det gjorde det.Så eg håper at eg kan legge bort tablettane. 

Eg står alltid relativt tidleg opp, for eg treng ikkje så mykje søvn. Eg hadde ingen plan for dagen, så etter frokost m.m. sette eg meg til å skulle sjå TV. Men same kor mykje eg trykte på fjernkontrollen skjedde det ingen ting. Eg sjekka ledningar og alt mulig , men ingen ting skjedde. Når det er noko gale med TV , datamaskin etc, blir eg berre heilt hjelpelaus og ropar etter hjelp, det må det bli slutt på, for LITT greier eg no sjølv. Slik som i dag; eg sat med fjernkontrollen og plundra, då oppdaga eg at der ikkje var liv i den, batteriet var flatt med andre ord. 

Då begynte eg å tenkje og fann fram den andre fjernkontrollen og slo på TV-en. Eg rekna med å måtte kjøpe eit spesielt batteri over helga, men då eg såg etter var det heilt vanlege batteri i den blanke fjernkontrollen. Eg seier til meg sjølv at eg må lære meg å fikse somme ting sjølv, og i dag har eg gjort det! Eg har sete og sett litt TV og strikka litt, men så vart eg så frostig at eg ville ut og hente litt ved. Men då eg kom ut såg er ugras i bedda, som eg måtte få vekk. Eg renska i garasjebeddet og beddet nedafor garasjen og så vatna eg med slangen for der var knusktørt. Eg trivst best når eg har noko å styre med, men eg kan ikkje overdrive når det er søndag.

Eg vurderer å gå ein tur, men eg veit ikkje om det er lurt -for venstrefoten er ikkje heilt god.

I dag har eg observert sommarens første rose i eitt av bedda mine, Den heiter Therese.Den er berre lita enno, men verre er det med Dronning Elizabeth-ho er heilt død og må erstattast. Vurderte å fare på Plantasjen i dag, men eg utsette det. Greit å kombinere med ein tur på VØR. Det passar meg dårleg å ha fotproblem midt i vårvinna, men slik er det berre. Verst er det med "Prosjektet"-for der må spadast opp. Kjem an på om eg må invitere til dugnad-med nogo attåt. Komande veke har Amanda fødselsdag -då blir ho 25 år.  Årets konfirmant, Ingar, er den yngste av alle barnebarna mine. Den eldste fyller38 år i juni i år. No skal eg sjå om eg greier å få til eit bilde. Den telefonen min er ikkje til å stole på.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...