Klokka er no 19.38, temperaturen ute er +10 grader C og det regnar ,det har det visst gjort i heile dag, og no kom eg på at det er laurdag, og eg har trudd det var sundag heile ettermiddagen, Før i dag visste eg at det var laurdag, fordi eg var på butikken og handla.
Eg var ikkje heilt i humør i dag, eg hadde sove dårleg om natta og det var ikkje så godt å gå tur, på grunn av ein litt vond fot -og i det heile tatt; eg hadde ikkje ein gong garn til å strikke lestar av. Men eg kunne ta ein tur på butikken. Eg venta Solveig seinare på dag, så eg måtte ha litt kaffimat i hus.
På butikken trefte eg naboar og kjentfolk, så humøret steig litt.
Eg fekk melding frå Einar, han var på Vartdal og sprang og ville komme innom og det var no kjekt, det vart kaffi, kaker og is.
Og då var det berre vel ein time til Solveig skulle komme. Ho kom med mykje garn , så no kan eg halde fram med leste-strikking til store og små, mest små.
Vi drakk kaffi og prata som vanleg. Eg fortalde henne at eg hadde funne ei side på pC-en der det var mykje fine og billege klede, og eg trong litt fornying no når det blir vår og sommar. Eg hadde merka meg kva sida heitte og då eg sa det, lo Solveig høgt, for det var eit firma som ho hadde handla mykje med. Kleda var ekstremt billege, så ho bestilte eit par genserar til meg i ein fart, og betalte med kortet mitt,så skal eg få pakken rett i postkassa. Meir lettvint kan det ikkje bli. Så spørs det berre om kleda er brukbare. Men Solveig fortalde at ho har handla mykje med dei og vore rimeleg fornøgd.
Så vart det ein kjekk dag likevel, til tross for regn og innever. Og i morgon er det sundag, og "fridag", berre litt synd at eg ikkje er så sprek akkurat no. Eg har ikkje vore på Vernet på lenge.
Sidan det no er fredags kveld, vil eg ønske alle ei god helg.No skal eg gå ut på altanen og sjå om eg kan få til eit bilde.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar