onsdag, mai 28, 2025

Dagbok 2025: 27.mai

                                                                        Nyklipt

 Klokka er no17.50, temperaturen ute er+11 grader. Veret har vore så ymse i dag, men mest overskya og ein del regn. No sit eg her og er sjeleglad for å ha kome inn att på Dagboka mi. Kvar gong det skjer noko på datamaskina, må eg stille opp med nytt passord, men berre der. Og det gløymer eg frå gong til gong

I dag har eg hatt Helge her og han har hjelpt til med både telefon og datamaskin,, TV-en er eg blitt nokså flink med sjølv. Endeleg.

Elles så fekk eg klipt resten av skråninga i dag, fordi der var ein slant med bensin på klipparen. Men eg samla ikkje opp og ikkje har eg raka heller.

Eg fann ut at eg ville lage skikkeleg middag i dag, det skjer ikkje ofte, Men i dag fann eg fram fin kvit torsk frå frysaren som eg steikte med løk til. Poteter og grønsaker hadde eg også. Eg lurte på etterpå om eg hadde brukt så lang tid på matlaging før. Eg meinte det skulle vere nok til to dagar, men det blir ein mindre porsjon i morgon.

Så kom Helge og fekk orden på telefonen min og på datamaskina. Datamaskina greier eg no mykje sjølv, men eg er alltid litt redd for å gjere feil. Det var ikkje heilt i orden då eg skulle skrive Dagbok, men no veit eg vel til ein annan gong at der må eg skifte passord uansett.

Eg lurte på om eg måtte på butikk i dag, men det er no berre ein dag, så er det kvardag fredag og laurdag.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...