torsdag, april 24, 2025

Dagbok 2025: 23.mai

 Klokka er no 23.45, det er +3grader ute no, men vi har hatt ein fin dag med sol og sommar. Har ikkje sett maken til tidleg og fin vår før.Frå altanen min kan eg sjå kor eit gammalt hus får nytt tak m.m.


I dag fylte Bodil 80 år, og det var stort frammøte av slektningar og  andre på "Hildegard" i Alleen på Eid. Solveig henta meg og vi køyrde ferjefritt om Honndalen, mens Margrete køyrde om Stigedalen sidan det er det kortaste for henne.

Det var masse folk på Hildegard og eg kjende ikkje alle, men mange. Særleg kjekt var det å sjå att alle barna og barnebarna til Bodil og Svein, vi treffest ikkje så ofte, og det er litt dumt. Der var stort langbord med sjølvbetjening og folk kom og gjekk som dei ville. I 2.etasje bur eitt av barnebarna med kjæreste, og dei har nettopp fått ein liten son, Eg trur at mor og barn framleis er på sjukehuset, men er ikkje sikker.

Å kome til "Hildegard" er nesten som å kome heim- på Eid. Det var besteforeldra mine som eigde huset i heile min oppvekst, og ein periode budde tanta mi med familien der også. Men dei flytta frå Eid. Då bestefoeldra vart gamle og til slutt kom på aldersheim, var det bror min som tok over, og etter at mamma vart pensjonist budde ho i andre etasje, vi var ofte på besøk den tida.

På heimvegen køyrde vi Stigedalen, så i dag har eg fått vore mange kjende stader, egkan ikkje seie at eg lengtar heim til Eid,eg har det bra i Ørsta og er heime her, det er kjekt å komme på besøk der eg vaks opp, men eg har budd i Ørsta i snart 60 år-så eg er nesten "Ørsting".

No skal eg legge meg, for i morgon klokka 10 er det trening.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...