tirsdag, april 22, 2025

Dagbok 2025: 22.april:

 Klokka er no16.08, temperaturen ute er +15 grader C, det er overskya, men opplett akkurat no, kva det har vore før i dag er eg ikkje sikker på, og no kjem visst sola også.

I dag har det vore ein litt rotete dag. Først skjer det som skjer nesten kvar dag; eg vaknar opp altfor tidleg og står opp uansett. Eg veit ikkje kva klokka var då eg åt frokost i dag-men det var tidleg. Eg var på trening frå 10 til 11, og det gjekk no heilt greit. Etterpå var eg til frisør og bestilte time til 8.mai, dagen etter reiser vi til Kongsberg.

Var også innom matbutikken og handla diverse der. Og då eg kom heim var eg kjempesvolten og koste meg med det eg hadde kjøpt. Så sette eg meg inn til datamaskina og sende pengar av garde. Men då var der ikkje meir energi igjen, så eg la meg bort på dagsenga og fekk ein liten blund, så no er eg rimeleg akseptabel.

Eg har sagt til meg sjølv at dei dagane eg går på trening treng eg ikkje å gå på Vernet, men eg veit ikkje heilt kor DET går.

Eg har hatt kontakt med Bodil som har bursdag i morgon, ho blir 80 år-Eg har kjent henne sidan ho var 18-19 år. Ho bur no i huset til besteforeldra mine. Ho bur åleine sidan Svein, bror min, døde, men har eit barnebarn som bur i andre etasje. Og han har ei dame som no i påska fekk ein liten gut, så no er dei ein heil familie. Viss vi får det til skal eg og døtrene til Eid i morgon.Eg køyrer ikkje åleine til Eid.(Berre her rundt omkring)

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...