I dag var Marit med på treninga så vi fekk prata ein god del i bilen både før og etter trening. Det likar vi godt. I dag var vi ikkje på butikk på heimvegen.
Eg har bestemt at dei dagane eg går på trening skal eg ikkje gå på Vernet, men i dag gjekk eg likevel ein tur fordi eg ikkje hadde gått i går. Eg går alltid og ser etter kva som veks og gror, i dag såg eg mykje løvetann som blomsta mens lupinane gjer seg klar.
Då eg kom heim att måtte eg ha mat før eg kunne begynne på fredagsvasken. Førre veka blei det ikkje vask så eg tok den ein dag for tidleg denne veka.
Naboen min har begynt å klippe plen, han tok plenen min ovafor garasjen også, slik han plar, men han sparte dei blå blomstrane, sjølv om dei eigentleg er avblomstra.
Eg kunne tenkt meg å gjere litt hagearbeid i dag, men det var eigentleg litt kaldt ute. Men eg har mykje godt arbeid på vent, eg har mange planar, men det blir vel ikkje så mykje eg får gjort åleine. Erlend og eg skal sage ned plommetreet på plenen, men det skal få blomstre ferdig først. Eg skal bort på Plantasjen ein dag-det er lurt å fare i helga for då er det mindre trafikk.
No skal eg vende tilbake til strikketøyet og TRUMP & Co-eller kanskje eg tek ein annan kanal.?
Fordi eg har vaska trur eg det er fredag-og det er vanskeleg for meg å tru noko anna.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar