torsdag, mai 30, 2024

Dagbok 2024: 30.mai


 Klokka er no 18.48. temperaturen ute er + 19 grader C. Det har vore fint i dag,opplett men ikkje myke sol. Eg følte at eg hadde fridag i dag, sidan eg ikkje skulle på trening. Men eg stod no opp til vanleg tid. Eg shina meg litt opp ,for Marit og eg skulle på butikken i lag.

EG hadde ein lang prat med bodil i telefonen. Men telefonen min er ikkje i orden ,trur eg, det var vanskeleg å høyre, men det er vel eg som ikkje kan å bruke den.Når Amanda får litt fri så kan kanskje ho sjå litt på den.

Eg lurte på om eg skulle gå på vernet i dag, eller om eg skulle gjere ein innsats i hagen. Det blei Vernet, det var fint å gå der i dag og eg sat liytt på kvar benk i dag også. Då eg kom heim att laga eg meg ein slgs middag før eg gjekk ut o begynte å rydde i hagen. Der eg rydda i dag har eg rydda før i vår, men skvallerkålen kjem fort att. Eg  tok eit bilde av resultatet, men har ikkje fått det inn på bloggen enne. Bildet over tok eg på Vernet i dag.I morgon er det siste dagen i mai, ein mai månad som vi knapt har sett maken til. Det er nesten som om vi har hatt ein ein heil sommar .

                                                   Her rydda eg, luka ugras m.m.




Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...