fredag, mai 31, 2024

Dagbok 2024: 31.mai




 
Klokka er no 17.45, temperaturen ute er + 19 grader , vi har hatt skodde i heile dag, men den minkar heile tida. Og det er opplett. Eg var nettopp ein tur på Vernet, der var ikkje så mykje sol, men det var ikkje kaldt.

I dag morgon såg det litt skummelt ut med veret, så eg tok sikte på ein innedag. Då fekk eg ein lys ide; eg kunne sylte plommene frå i fjor, dei hadde eg i frysaren. Som sagt, så gjort, men eg måtte ein liten tur på butikken først for det var nesten tomt for sukker. Å sylte plommer er ein enkel jobb og i dag fekk eg ti store glas med plommesylte. Det gleder eg meg over, for eg et nesten berre sylte på skivene. Litt rot og oppvask vart det, men så tok eg og laga middag med det samme, og fekk rydda opp det rotet også.

Det er to ting som kan drive meg til vanvidd; det eine er sudokuen i Møre-Nytt, det andre eg datamaskina mi. Og i dag har eg kava med begge deler. Om eg ikkje alltid greier sudokuen som eg tek frå maskina kvelden før avisa kjem ut, så brukar eg å fullføre til frokosten dagen etter. Men ikkje i dag, eg har prøvd å begynne frå begynnelsen om att og om att, men er enno ikkje i mål.

Datamaskina får slike underlege tokter der ho ikkje vil godkjenne verken adresser eller passord, det virkar som om Google og  MIcrosoft krigar om å ha meg som kunde. På denne maskina eg har no, har vi brukt Google. Når eg seier VI så er det fordi eg har diverse hjelperar som eg må sende bod på når alt stokkar seg. Men eg vil no helst greie meg sjølv.

Eg er litt dagvill i dag, sidan eg tok "fredagsvasken" på onsdag, og fekk fri frå treninga i går. I dag er det siste dagen i ein mai -månad som vi neppe har sett maken til før. Men vi kan no håpe på fine dagar i juni-juli-august også.

God helg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.oktober

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 10 grader og det regnar-. Når eg ser på veret no er eg glad for at eg rydda opp i hagen i går, for ...