søndag, april 28, 2024

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag.
Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag.
Eg var oppe nokså tidleg og Rasmus litt seinare. Vi hadde diverse å jobbe med sjølv om det var sundag, Rasmus rydda plass til ved sekkane i garasjen, og så sette han sommardekk på bilen. Eg pusla litt i hagen og tok opp nokre løvetannrøter etc.
Vi tok ein tur bort på Plantasjen, der vi kjøpte 5 sekker mold som eg skal ha å spe på med her i hagen min.Plantar vart ikkje kjøpt i dag; gartnaren heime på Eid sa alltid at ein ikkje skulle plante noko som helst før 17. mai. 
Vi var også bort på grava til Nils og der hadde eine  fuglen losna og falt ned, så den må limast fast igjen.
Eg laga svinkotelettar til middag i dag, og vi rakk å ete middag før Øystein, Solveig og Margrete kom på besøk.Det er ikkje ofteeg får vere saman med alle tre barna mine på ein gong. Vi drakk kaffi og åt kaker. Solveig hadde laga ei slags kake av rabarbra som ho hadde med, og eg hadde som vanleg gulrotkake. Rasmus har også gjort ein god del i huset, slikt som eg ikkje greier så godt sjølv. Eg hadde laga ei liste, så ikkje noko skulle bli gløymt. Det er kjekt å ha besøk.
Rasmus skal reise igjen 1. mai. 
Eldste hunden til Margrete fyller ti år i dag.Den nye hunden, Dennis, er ein bror til gamle Charlie.






Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 13.mai

Det var eigentleg ikkje dette bilde eg skulle ha i dag, det liknar veldig på det eg hadde i går,men litt har det skjedd. Eg har til dømes kl...