lørdag, april 27, 2024

Dagbok 2024: 27.april

 Klokka er no 23.30, temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore ein fin dag med sol og varme, så det gjer ikkje noko om det blir litt kaldt om natta.

I dag laga eg ferdig middagsmaten før eg tok ein tur på butikken og etter det ein tur på Fonnvernet. Eg sat litt på alle benkane for eg var ikkje heilt god i føtene.

Då eg kom heim sette eg meg i godstolen, og eg trur eg sov litt. Då eg såg på klokka skunda eg meg å sjekke meldingar, og då såg eg at Rasmus hadde vore i Stryn for 47 minutt sidan.

Då var det tid å dekke middagsbordet til 2, og det varte ikkje lenge før Rasmus kom. Med bilen full av vedsekker som eg skulle få. Resten av dagen har vi slappa av,prata og ete. Eg har laga ei liste med ting som Rasmus skal fikse, og vi er alt komne eit stykke ned på lista.

Rasmus skal vere her heilt til 1. mai, så mykje kan bli gjort til den tid. Ja, han kjem no ikkje berre for å ordne ut, håper eg, vi tek no tid til å kose oss og prate. Vi legg ikkje langsiktige planar, men her er ved som skal på plass og ein bil som skal få sommardekk, mellom anna.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

  Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra f...