tirsdag, februar 27, 2024

Dagbok 2024: 27.februar.

Klokka er no 16.00. temperaturen ute er +5 grader C, det er ikkje så kaldt, men når det blæs kjennest det ikkje heilt bra. Vi var glade for å komme i hus, Marit og eg, etter at vi hadde vore på trening. Ja, på treninga var det ikkje kaldt, men vi var både på ALTI og KIWI og handla etterpå og då fekk vi kjenne litt på vinden. Det er så sjeldan det blæs her i Ørsta at eg brukar å fryde meg over vind-men ikkje når den er SÅ kald.

Eg måtte på apoteket i dag, for det var heilt tomt for nødvendige tablettar og Marit skulle ha ei lyspære på Clas. For oss gammeldagse er sjølv det å kjøpe lyspærer eit lite problem, det veit eg av erfaring. Før var det greitt nok å vite watt-styrken!

Vi gir oss god tid når vi er ute og fer, så klokka var 13 før eg kom i hus. I dag laga eg meg god middag, og sette meg inn i godstolen, der eg sovna, og fraus då eg vakna. Så eg fyrte opp i omnen, henta opp tørre klede og sette på ny klesvask. Så langt er eg komen til denne tid, no skal eg lage meg litt god kaffi, og etterpå blir det å øve ,lese på spanskleksa. Men først av alt skal eg ta inn avisa, eg greidde heldigvis å løyse sudokuen i går kveld. Eg går innpå avisa på PC-en og så lagar eg meg ruteark på dataen også. Sudokuen i tysdagsavisa er som regel lett, så eg blir fort ferdig med den. Spansken er vanskelegare men eg prøver å henge med så godt eg klarar. Ja, i morgon er det spansk igjen, men det blir vel snart påskeferie..............................

Dette med bilde på PC en er eit stadig problem, så eg trur Solveig må prøve ein gong til å få orden på det.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...