mandag, februar 26, 2024

Dagbok 2024: 26.februar

 Klokka er no 17.05, temperaturen ute er + 2 grader , det har vore nokså overskya i dag, no er det nesten sol, men den går snart ned. Då eg såg ut vinduet i dag tidleg  var alt kvitt, men snøen smelta fort.

I dag hadde eg planen klar, eg skulle vaske fleire vegger på stova. Eg vaskar den  ulakka/ubeisa/umalte panelen med spesialsåpe som skal halde veggane lyse, så det går med mykje både vatn og såpe. Eg har ofte vaska med mopp, men det gjekk ikkje i dag. Eg måtte bruke klutar og hender, men jammen fekk eg vaska alt før klokka var 13.Dvs. vindu og vinduskarmar står att, eg orka ikkje meir i dag. Som alle veit er det ikkje berre vasking, men så skal alle bilde etc. ned og opp att, møblar skal flyttast fram og tilbake etc.etc.Det var godt å ha ein liten lett støvsugar i dag. 

Då eg hadde kvilt meg litt og ete noko som eg kalla middag, spurde eg Marit om ho ville komme ned og drikke kaffi, og det ville ho. Så fekk vi ei koseleg pratestund før ho skulle heim og ete middag. I morgon er det trening igjen, men på torsdag vil eg skofte treninga sidan eg skal på sjukehuset og ta prøver. Eg har ikkje bestemt reisemåten enno, men der går vel bussar. Eg vil ikkje køyre sjølv ,eg likar ikkje å køyre i Volda, og så er der eit betalingsystem på parkeringa ved sjukehuset som eg ikkje kan noko med.

Eg var rimeleg fornøgd med dagen før eg sette meg til med datamaskina og skulle legge inn bilde. No er det berre surr -eg fekk lagt bilda inn, men fekk dei ikkje ut att,så får det bli bildelaust i dag.No er det snart tid for strikketøy og TV. Det vart ikkje til at eg gjekk tur i dag, for eg var litt sliten av all vaskinga

Ingen kommentarer:

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...