Klokka er no17.55, temperaturen ute er +6 grader og det er overskya. Trur ikkje sola har vore framme i dag. Eg vakna grytidleg fordi eg tenkte på at eg måtte ringe eit telefonnummer som stod på innkallinga mi, det galdt "transport" til sjukehuset. Eg visste ikkje at eg kom rett til "pasientreiser"-og der var den inga hjelp å få. Eg måtte ha legeattest for å få taxi til og frå sjukehuset.
Når eg ikkje køyrer sjølv er det fordi eg ikkje likar å køyre til Volda og fordi eg ikkje kan med parkeringssystemet. Men sidan eg skulle på spaskkurs på Bakk-Ola, kunne eg stikke innom legesenteret med det samme -og det gjorde eg. Nei, taxi kunne eg ikkje få når eg var i stand til å gå til bussen.Det var ikkje spørsmål om kva eg meinte, og legen min var der ikkje i dag. Så no må eg gå til bussen i morgon, dvs. eg tek bilen ned til Vik. Eg ringde 177 for å få rutetider.
Eg har ikkje bedt om denne undersøkinga, det er noko som legane har kome på, og eg må berre ha klede utan metall som glidelås, knappar etc. Berre det er god nok grunn for å køyre i bil åleine. Men eg reknar med at når eg skal heim att må eg få bil. Ein annan gong då eg tok bussen til sjukehuset måtte eg gå ned i sentrum etterpå for å komme på bussen heim. Så ein veit aldri. Eg greier meg vel denne gongen også.
Då eg kom heim att frå spansken, laga eg meg eit godt måltid av det som var att frå i går, og så sette eg meg inn i godstolen og såg TV og sovna ei lita stund. Eg skulle ha vore ute og gått tur, men no er det snart mørkt, så eg får heller gjere litt husarbeid. DEt er nok å ta av, eg vaska mykje lklede i går, og nok o skal strykast t d.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar