lørdag, februar 24, 2024

Dagbok 2024: 24.februar

Klokka er no17.11, temperaturen ute er + 5 grader C, og det pøsregnar. Utsikten frå altanen er ikkje så innbydande, men det som er bra er at snøen smeltar. Det går seint med dei store snødungane , men plenen kjem no fram att, eg hadde nesten gløymt kor stor den er. Solveig lærte meg litt om bildebehandling i går, og det kan eg i dag, det er berre det at der er bevegelse  i bilda, så eg får ikkje printe dei ut etter at eg har "behandla" dei.

Eg vakna relativt tidleg i dag også, og stod opp. I dag tok eg "fredagsvasken" noko som var fort gjort, elles har eg sete og strikka og sett om att krim frå i går kveld for då sovna eg undervegs. Eg åt middag, det var restar frå i går; og så streva eg aldri så lenge med å få eld i omnen med ved frå hagen. Det gjekk berre ikkje , så eg måtte ut i garasjen etter skikkeleg ved, då brann det godt-hageveden også. 

Eg visste ikkje  kva meir eg skulle styre med, men så kom eg på at det var lurt å begynne på spanskleksa i god tid. Så no har eg jobba med den. Det er berre det at eg gløymer så fort igjen. Eg får skulde på alderen. I morgon ventar eg besøk av Ingeborg og Daniel, dei har vel med seg hunden også. Det er lenge sidan eg har sett dei, for dei var her ikkje i jula, då var dei i Gøteborg. Det blir sikkert kjekt å sjå dei att.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...