fredag, februar 23, 2024

Dagbok 2024: 23.februar




Klokka er no 16.37, temperaturen ute er + 3 grader C og det regnar. Bilda tok eg frå altanen for litt sidan. De ser at snøen er borte mange stader men opp mot vegen/gata ligg det enno store dungar med gammal snø, og den kan bli liggande lenge. Vi ventar på vår no,men det tek si tid.

I dag har eg hatt ein annleis dag.Eg vakna tidleg , som vanleg men prøvde å ligge i ro før eg stod opp i 7-tida. I dag var det tid for fredagsvask, men den er utsett til laurdag denne veka.Eg var på butikken og handla i går utan å ha skrive liste, så det var ikkje heilt vellykka, så i dag måtte eg på butikk igjen så får eg håpe at eg fekk med det meste.

Eg hadde avtale med Einar om at han skulle komme i12.30 tida , så skulle vi kjøpe støvsuger til meg. Ja, eg har no ein kjempegod støvsuger frå før, men eg ville ha ein oppladbar til å bruke på småjobbar. Det er tungt for ryggen min å støvsuge skikkeleg så det kan eg ikkje gjere så ofte. Det var god hjelp å ha Einar med seg,og han var litt interessert også, for han hadde lyst på noko liknane sjølv.

Eg hadde laga ferdig middagen før vi for så det var berre å sette seg til bords då vi kom att. Menyen var som alltid, kjøttkaker i brun saus. Så kom Solveig og Øystein med Amund som dei hadde henta i Volda, og då hadde vi kaker og kaffi.Han likte godt gulrotkake, han også.

Dette er Audun.
Solveig lærte meg å bruke det nye bildebehandlingsprogrammet på maskina mi, men eg er visst ikkje heilt oppgradert enno. 

I går fylte Audun 34 år. Han er i Oslo og jobbar der. Men eg håper han kjem heim til påske.
 

                       Oldemor fekk besøk i dag, håper å få sjå fleire av undommane i helga.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...