torsdag, februar 15, 2024

Dagbok 2024: 15.februar

Klokka er no 16.20, temperaturen ute er+ 1 grad C og det har vore ein fin dag hittil, med sol og blå himmel.I dag var vi på trening først, så på ALTI og på KIWI på heimvegen. Eg tok meg ei lita mosjonsrunde då eg kom heim. Eg gjekk i piggsko i dag også, for best det er så er der is på vegen. Eg tek ingen sjansar.
Då eg kom att frå turen laga eg skikkeleg middag med kyllinglår og ris.
Eg slappa av i godstolen etterpå, såg litt TV og strikka litt.
Men eg vart så trøtt at eg sovna ei lita stund. Alltid når eg skal på noko, trenoing eller spansk t.d står eg opp grytidleg, for så å legge meg igjen og stå opp igjen og legge meg igjen. Dette resulterer i at eg eg trøytt når eg endeleg skal opp for godt-
No har eg sete og strikka litt, men eg må vere forsiktig med det, for handa er ikkje heilt god. I morgon er det heimedag og fredagsvask, så då håper eg at handa spelar på lag.
Ei som eg går i lag med på spansken skada foten sin så den var heilt blå. Utan å ta røntgen sa legen at det ikkje var brot. Men det vart berre verre og då ho kom til lege for andre gong vart ho sendt på røbtgen -der var fire bein nede i foten som var brotne, og no er dama gipsa frå tå til kne. Eg synest det var rart at dei ikkje tok røntgenbilde med ein gong. Eg har ikkje vore mykje sjuk i mitt liv, men du store tid kor ofte eg har vore på røntgen.
Komande veke er det vinterferie på skulane og vi på treninga får også fri. Men Spansken og Pensjonistlaget tek ikkje ferie. Vi skal ha  undervisning  først og så er det møte-. Eg reknar med at eg får sjå litt til barnebarna og barna i ferien-og eventuelt nokre kjærestar også.



Desse bilda tok eg frå altanen då eg kom heim frå tur. bilda eg tok på turen var det ikkje blitt noko av.
 

Ingen kommentarer:

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...