fredag, februar 16, 2024

Dagbok 2024: 16.februar


Klokka er no 17.54, temperaturen ute er +2 grader C, det har stort sett vore opplett i dag trur eg, men ikkje så varmt at snøen har smelta skikkeleg, så eg orka ikkje å gå tur i dag. Eg har hatt diverse turar til garasjen og til postkassa, men då har eg tatt på meg piggsko.  Eg tok også og rygga bilen opp i gata for å sjå om det gjekk bra utan å moke. Og det gjekk heilt fint, men eg skulle ingen stad i dag


I dag hadde eg tenkt at eg skulle sove meg godt ut, for eg var litt sliten etter denne veka.Men så ringde vekkerklokka klokk 8, eg hadde gløymt å slå den av. Men det var no ikkje så farleg om eg stod opp når eg hadde lege i ro heile natta.
Fredagane brukar eg alltid å vaske litt grundig på kjøkken og bad, og det gjorde eg i dag også. Men så blir eg låk i ryggen og må ta mange pausar, så det tek si tid. Etter at eg er ferdig er eg ikkje låk i ryggen, så det går bra.
I går kveld kom eg ikkje i mål med Sudokuen i Møre-Nytt, den som kjem i fredagsavisa er ofte litt vrien. Eg la den i frå meg i går kveld, og då eg tok den att i dag fekk eg den til. Å løyse sudokuar er noko eg testar meg sjølv med, så lenge eg greier det, blir eg ikkje heilt avskilta.
No har eg sete ei stund og strikka på ein lest, for eg har fått ny garnforsyning frå Solveig. Eg må sørge for at ingen frys på føtene etter at eg er borte, så vi har eit lager.
Det paret eg strikkar no var no veldig fargerikt, men det er no kjekt.


 

               Eg vil ønske alle ei fin helg, og så håper eg på berre vegar og sol

Ingen kommentarer:

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...