onsdag, februar 14, 2024

Dagbok 2024: 14.februar,

Eg går helst med piggsko på tunet enno

Klokka er no 17.00, temperaturen ute er+3 grader C og det regnar. Det er ikkje det minste sjarmerande. I dag var det spanskkurs igjen, og det er  kjekt å vere i lag. Vi stressar ikkje så mykje lenger, men litt har vi no lært-.
Då eg kom heim ville eg gå ein liten tur, utan piggsko, så eg gjekk ut Starevegen, og hadde tenkt å gå Olavsgata , for eg var ikkje heilt god i venstre foten. Men eg snudde og gjekk heim att då eg såg kor mykje is og snø der var. EG VIL IKKJE dette, så eg planla kva eg skulle gjere før eg sette meg til å ete litt. Eg tok ut av oppvaskmaskina og sjekka klesvasken et cetera.
Eg veit at det er skulefri neste veke og då ventar vi at ungdommane som går på skule eller jobbar i skulen kjem heim. Og då må eg ha gulrotkake.
Så no har eg laga ein botn , fått steikt kaka og vaska opp for hand alt eg har brukt. Så LITT har eg no utretta i dag også. 
I morgon er det trening igjen, og der er det også ein kjekk gjeng, vi begynner å bli godt kjende no, vi har gått der i lag i mange år. Marit og eg tek oss kanskje ein tur på ALTI etterpå.
Eg begynte på ein ny lest i går kveld, men eg merka at eg ikkje kan strikke så mykje som eg har lyst til , for då blir eg låk i handa. Det er litt irriterande, men ikkje eit STORT problem. No ønsker eg meg litt finare ver, og gjerne sol.

Det har vore voldsomt med brøyting og skraping i vinter, så det meste av snøen som ligg att, den ligg på tuna våre.Og det er no heilt greitt-
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...