tirsdag, februar 13, 2024

Dagbok 2024: 13.februar




 Eg ser på "havutsikten" vår, men eg skulle gjerne hatt bort den store bjørka som står att også, når det kjem lauv der, skygger den mykje.

Klokka er no 16.07, temperaturen ute er +5 grader. Det er opplett og det har vore sol innimellom skyene av og til.
I dag var det trening og eg køyrde, men eg hadde piggsko i dag også, for isen som ligg overalt er framleis glatt, særleg om morgonen. 
Eg køyrde heim etter treninga, og etter i pratestund i bilen, sette eg Marit av og køyrde på KIWI og handla litt, på vona eg skulle få tid og lyst til å bake til dømes.Det er snart vinterferie og då må eg ha gulrotkaka klar- for eksempel.

Eg fann diverse restar som eg åt til middag, eg forstår nesten ikkje at eg greidde å ete alt. Men det vart ikkje rømmegraut i dag. Og ikkje vart det trimtur heller, for eg vart trøtt og måtte slappe av litt før eg begynte på spanskleksa. Vi hadde ikkje så lang tid på oss  denne gongen, men så er ikkje leksa så vanskeleg heller. Eg sette meg inn her til PC-en for å skrive leksa her, så ser den ryddigare ut enn om eg skriv for hand.
Eg strikka ferdig eit lestepar i går, og begynte så vidt på eit nytt. Litt spennande med nytt garn og nye fargar. Det er Solveig som held meg med garn no. 
Det er onsdagane som er spansk-dag, men også pensjonistmøte-dag, men det møtet er om ei veke ikkje i morgon, slik eg trudde, og det er eg glad for.
No skal eg gjere leksa mi, og etterpå blir det TV og spøt-

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...