fredag, desember 29, 2023

Dagbok 2023: 29.desember


 Klokka er no 18.20, temperaturen ligg rundt 0 grader og det er opplett. Det er i grunnen ganske fint ute, men eg tek ikkje sjansen på å gå tur, for om eg skulle finne på å dette, kan eg ikkje ta imot med hendene.Det er nokså glatt mange stader, men eg har ikkje gått lenger enn til postboksen-det var glatt nok. 

Eg sov lenge i dag også, men ikkje så lenge som i går. Eg har gjort lite og ingen ting i dag, men Solveig og Øystein var innom på ein tur til Volda og då moka Øystein trappa mi og  så moka han fram bossdunkane. Geir som var her ein dag før har moka heile tunet bort til garasjen. Dei som bur i kjellaren har også mykje å moke, for vi har fått mykje snø alt- og meir blir det vel. Ørsta er ei snøhole om vinteren og verst er det for oss på denne sida av dalen. Ein kan sjå snøbygene kome frå nord og følgje fjellsida her.

Eg har ikkje tort meg ut å gå på lenge, men eg har no piggsko, og så har eg ein sparkstøtting som heng i tilbygget. Den har fått henge i fred i mange år.

Eg laga meg middag i dag, det var lettvindt: pølser, poteter og raudkål, så det vart bra. Så har eg sett i gang oppvaskmaskin og klesvask, det går sånn nokonlunde bra. 

I går tok eg ikkje smertestillnde på dagtid og det har eg ikkje gjort i dag heller. Eg er ikkje smertefri, alt som eg prøver å gjere er vondt, derfor gjer eg minst muleg. Eg tar smertestillande om kvelden for å få sove. Då eg braut høgre handa for 60 år sidan ,verkte eg ikkje etter at eg hadde fått  gipsen på. No verker eg så snart eg gjer noko.

I morgon er det vel laurdag og så blir det to helgedagar igjen-og nytt år. Eg har mange ønsker for det nye året men det viktigaste er FRED  PÅ  JORD.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...