tirsdag, oktober 31, 2023

Dagbok 2023: 31.oktober


 Klokka er no18.50, temperaturen ute er minus 2 grader C og vi har hatt enda ein nydeleg dag med sol frå klår himmel. Marit og eg var på trening i dag men tok beine vegen heim etterpå. Marit hadde ein avtale, men eg gjekk ein tur på Vernet i dag også. Eg må berre nyte fineveret før vinteren kjem.

Eg var i tvil om eg skulle gå på pensjonistmøtet i dag, Marit kunne ikkje gå, så eg måtte ev. gå åleine. Men eg kjenner no sikkert halvparten av dei som er der. I dag fekk Nelly vise fram bilde frå turane i Spaserstokken, og det var sikkert kjekt for dei som hadde vore med, men for meg også, for eg trur kvar haust at eg skal klare å vere  med neste sommar.

Så hadde vi allsong og etterpå det fekk vi pizza +kaffi og kake.

Men så vart det skikkelig stemning når to musikarar freå Volda fekk boltre seg med diverse instrument-det vart som eit heilt danseband. Eg hugsar ikkje kva karane heitte, men han som liksom leidde an fekk opp stemninga, så til slutt song alle gemlisane om englane i himmelen. Det var godt frammøte i dag, sikkert på grunn av alle som hadde vore med på Spaserstokken.

Det gjekk fint å køyre både ned og opp att, for det var tørt på vegane.Eg håper Eli unnskyldar meg viss eg ikkje kan leksa i morgon, vi sat på samme bord i kveld.

No skal eg kanskje sjå litt TV, men eg har nesten ikkje lyst å sette på dagsnytt-sendingane, det er så vondt å sjå på krig og og elende.Men ein må no følgje med.

I morgon er det spansk, vi har det kjekt i lag på den gruppa også, det er sjølvsagt nokre som er med på dei same tinga som eg, og då treffest vi ofte.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...