mandag, oktober 30, 2023

Dagbok 2023: 30.oktober


Klokka er no 16,30, temperaturen ute er 0 grader og sola forsvann nettopp.Men himmelen er klår,utan ei sky, vi har hatt enda ein fin haustdag med sol og fine fargar. Eg har sete her ei stund, for i dag fekk eg trøbbel med å legge inn bilde igjen. Del vil seie, bilda ligg på maskina, men no får eg dei ikkje derifrå. Men det blir vel ei råd.

I dag vakna eg altfor tidleg, så eg la meg inn i senga igjen og sovna attpå. 

Etter frokosten gjorde eg ein jobb, eg støvsuga teppegolv nokså grundig, så no er det gjort. Etterpå var eg ute og rydda litt i hagen, på trappa etc. Ikkje alt var llike enkelt, for somt var gjennomfrose. 

Eg  rakk å gå ein tur før middag, men på tok eg med meg ein liten lapp med spanske setningar som eg øvde på når eg kvilte på benkane. I dag trefte eg ei dame som eg kjenner og ho kjenner meg. Eg er ikkje heilt sikker,  eg kjenner henne berre når ho er i lag med mannen sin, for han kjenner eg att, og han var ikkje med i dag. Eg må skjerpe meg litt -trur eg.

Middagen i dag vart det samme som i går, og etter at eg hadde ete vart eg sittande i godstolen og sjå nyheiter på TV, det blir verre og verre og eg veit ikkje kvar det skal ende. Det er så grusomt kor dei fer åt at ein skulle ikkje tru dei var menneske.

Eg vart sittande ei lang stund for  eg var litt trøtt. I morgon er det trening, så då går den føremiddagen. Og så blir det å pugge spansk.

No ser eg fram til at Rasmus skal kome laurdags kvelden og  bli  til mandags morgonen. Han skal sette nye hjul på bilen min , noko som eg ser fram til. Han er i Mo i Rana no,  han driv og held kurs rundt omkring i landet.

No skal eg snart ta fram strikketøyet, eg begynte på ein ny lest i går. Eg strikkar med tynt garn så det går ikkje så fort, men det treng det heller ikkje å gjere. Og så skal eg legge i omnen litt for å spare på "krafta"- dei er enno ikkje komne med varmepumpa.

Eg gløymde å opplyse om at det er pensjonistmøte i morgon kl.16

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...