torsdag, september 07, 2023

Dagbok 2023: 7. september.

 

Klokka er no 19.10 og temperaturen ute er over 29 grader, Det hadde regna sist natt, men sola har skine i heile dag, så vidt eg veit.

I dag var vi på trening, Marit og eg, og då vi kom heim tok eg ein tur på Vernet- Eg hadde litt vondt i venstre kneet og eg ville sjå om det hjelpte å gå. Eg veit ikkje om det gjorde det, men eg er i alle fall bra no. 

Pensjonistmøtet skulle begynne klokka 16, og vi for nedned ein halv time før. Dei dreiv med førehandsrøysting i gangen og eg fekk gjort i frå meg stemminga , så no er det i boks.

Det var mykje folk på møtet i dag, veldig mange som eg ikkje kjende frå før-det er godt at laget veks og ikkje minkar. Det første programinnslaget  var ein romsdaling som snakka om vêret og om primstaven etc. Han er ein kjend vêrspåmann- heldigvis hadde eg høyreapparat på meg så eg fekk med meg ein god del. Han var også inne på klima-endringar etc. 

Så fekk vi lapskaus. Den kunne ha vore god, men i staden for poteter hadde dei brukt ein slags potetpulver slik at konsistensen ikkje var heilt topp. Kaffi og kake til dessert.

To brødre Dimmen var der med song og gitar. Den eldste av dei hadde i si tid suksess med ein sjølvlaga song som heiter "Lite Barn"- barnet var 40 år no, sa han. Den yngre brore heiter Kjell Arne og gjekk i same klassen som Rasmus. Eg fekk sendt ei melding til Rasmus, men eg fekk ikkje høve til å snakke med Kjell Arne og helse frå han. 

Utloddinga i dag var lyngplantane på borda, og Marit vann den på vårt bord.

Då eg svinga inn på tunet heime var Ingrid og Erlend hakk i hel, dei hadde vore på Straumshamn etter eit flyttelass. Eg snakka no med dei før dei for også.

I dag har eg ikkje gjort nokon ting verken i hus eller hage, men i morgon blir det fredagsvask. Vekene går veldig fort når ein er gamle.


.................................................................................



Ein gong i tida kjøpte eg ein møkeblålilla  Klematis. Den har likt seg her og eg har delt opp planten , så no har eg tre like. Ein nedanfor tilbygget, det er den eldste, ein på kjellarveggen, som ikkje har anna enne ein palle å støtte seg til i år, og så den som står ved Urke-garasjen, den har berre ein blomst hittil. Eg klipper heilt ned alle klematisane om hausten, derfor blomstrar dei seint på sommaren- Eg har to andre sortar også, men dei er ikkje så store enno. Hadde eg vore litt meir fingernem så kunne eg ha laga espalier til plantane. Urke har eit fint som er heimelaga.
PS: Eg gir gjerne bort planten ved Urke-garasjen, for der er andre plantar som treng plass.


Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...