torsdag, august 10, 2023

Dagbok 2023: 10.august


 Klokka er no19.25, temperaturen ute er +11 grader C og i dag har vi hatt både skodde og regn. Men det skal visst bli betre ver i morgon. Håper i alle fall det- for plenen treng eit klipp.

I dag har det vore ein annleis og kjekk dag. Eg fekk besøk av Bodil, Hilde og Elin frå Eid og Solveig frå Hareid. Det var sjølvsagt planlagt. 

Solveig hadde med seg saltmat frå selskapet ho hadde hatt på Hareid i går, og eg hadde laga kaker. Det er ikkje så ofte vi møtest så vi hadde mykje å snakke om. Dei tre yngste tok seg ein tur til Vik, mens Bodil og eg fekk snakke med kvarandre. Vi synest det var ein vellykka dag og vi avtalte at neste gong skulle vi møtast på Eid.

Den fine potteplanten på bildet fekk eg av gjestane og Solveig fekk ein slik også.

No har eg rydda litt på kjøkkenet og fylt oppvaskmaskina. Fredagsvasken tok eg i går-så då blir det fridag i morgon. Trur eg -med unntak av plenklippinga. Når ikkje Margrete var her i dag, kom det av at ho skulle på vaksinering med hundane.

1 kommentar:

STRIKKEMOR(O) sa...

Takk for ein kjekk dag!😊

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...