Klokka er no17.00, Temperaturen er minus 1 grad C og det har vore ein nydeleg, men kald dag- Eg er dessverre ikkje så glad i minusgrader, då får eg lyst til å fyre i omnen og halde meg inne, og det har eg stort sett gjort i dag.
Eg var tidleg oppe som vanleg, åt frokost etc.etc. Vaska håret og kledde meg for å fare til Vik. Men så kom der ei melding på telefonen, frå Koppen Industrier, der var det bilde av to ubetalte rekningar- og betalte eg ikkje no, så vart det inkasso. Eg fekk sjokk, for eg har betalt kvar einaste rekning eg har fått, med det same eg hadde den i handa. Eg begynte å fable om å fare bort på butikken og snakke med dei, men så sette eg meg til å tenke-. Då kom eg på at det ein gong før hadde skjedd noko liknande, så eg begynte å sjekke kontoen min og fann feilen. Så betalte eg rekningane, og reknar no med at alt er i orden. Det var ikkje all verda heller, "berre" ca 10000kr. Eg roa meg ned då og kom meg til Vik.
I dag ville eg handle litt på Spar for dei hadde noko som eg ville ha, nemleg frosen torsk i ikkje altfor store pakkar, og så måtte eg ha litt meir lestegarn, så eg hadde å jobbe med i helga.
Då eg kom heim kokte eg poteter, gulrøter og tosk.
Sola var her ikkje så lenge første gongen ho kom, men så kom ho att i 15-tida også. Der er meir sol på Vernet enn her, og mange går tur der; det vart ikkje tur med meg i dag, eg har vore nokså bra i foten i dag, utan tablettar, men heilt god er den ikkje. Eg sette med til å sjå litt TV, men var vel borti og sovna litt. Det gjer ingen ting, for eg legg meg seint og står tidleg opp.
Janne har eit kor som heiter "Berre damer" dei har jubileum i dag med stor konsert. Konserten hadde dei også på onsdag, men det var i dag dei skulle jubilere. Eg trudde ikkje der var billettar att, men Marit trudde der var, og baud til at eg kunne få fare i lag med dei. Det var på ein måte fristande, men eg er så fostig i dette veret at eg likar meg best heime attmed omnen. I dag har Even vore her med 4 nye sekker med god ved. Han ber sekkane inn i garasjen til meg, så eg har det lettvint.
No skal eg strikke, øve på spanskleksa , sjå TV etc.etc. og så har eg tørketrommelen på med klesvasken for denn veka. Håper alle er friske og har det bra. Neste helg skal vi pynte til advent.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar