søndag, juli 03, 2022

Dagbok 2022: 3.juli. Solveig fyller 59 år



Her ferierte vi i fjor, i dei gule hyttene i Sør-Hjønnevåg, og i dag er det Margrete, Eirik, Amanda, Martin, Erlend og Ingrid som skal ta huset i bruk. Dei får visst ikkje så fint ver som vi hadde i fjor, men det blir kanskje fint fiskever?

Klokka er no17.25 , temperaturen ute er + 17 grader C, det er overskya og regn, og slett ikkje slik det skulle ha vore på Solveig sin fødselsdag. Solveig er i Sverige, der har ho ofte vore på bursdagen sin; eg hugsar ein gong vi var i Falun , då fann vi blåbær på vegen opp mot hoppbakkane. I år kjem bæra seint, i alle fall her.

Rasmus og fam. skal no vere på veg heim frå Egypt, mens Margrete pluss barn og kjærestar er på veg mot Solund,- ja, dei er kanskje komne fram no. 

Eg er heime med meg sjølv og held meg inne. På grunn av den vonde foten går eg ikkje på Vernet ein gong.

Eg stod opp relativt tidleg i dag. Eg har rydda litt her og der, så las eg ut boka til Abid Raja, laga middag og så kom Marit ned til kaffi. Janne skulle komme heim i dag, men vart sittande fast på Island til i morgon.

Eg laga meg nydelig middag i dag : kryddersild med tilbehør. Ingen ting er betre enn det.

Det vart så trist ute etter at sola forsvann, ikkje e det råd å gjere noko heller, så eg byurde vel fått ordna litt meir opp inne. Det samlar seg rot i alle krokar . Det kjem av at her er så mykje som eg eigentleg ikkje har bruk for.

No ser eg fram til at Rasmus og fam. skal komme skal komme. Eg har nokre oppgåver som ventar på han- og motorsaga.

Marit hadde sett på ei vermelding der det stod at det skulle regne -lenge. I fjor var eg med Margrete til Solund, då kom vi att den 3. juli etter ei veke ferie med sol kvar dag. Og varmt.

Rasmus og familien vil kanskje nyte å få det litt kaldare etter å ha feriert i Sharm el Sheikh med temperaturar  mellom 30 og 40 grader.


                               Slik er det her i dag, vått, grått og grønt.


 
No fekk eg melding om at Rasmus &co er i Oslo, og Margrete med følge er komne fram til det gule huset i Hjønnevåg.                                            

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...