søndag, juli 03, 2022

Bok nr.19- 2022: Min skyld


 No har eg lese ferdig Abid Raja si bok "Min skyld". Eg har lese den som lydbok på Storytel. Det er forfattaren sjølv som les- og det gjer han godt.

Forfattaren skriv om sitt eige liv, og boka er så ekte. Eg trur på kvart eit ord- Han er på ein måte veldig ærleg på ein litt barnsleg måte. Han fortel om oppveksten i Oslo i det pakistanske miljøet-og han legg ikkje skjul på noko. Han skriv om heile livet sitt til no; om forelda, kameratane ,kjæresten osb.  Han forrtel  alt slik det var og er utan å gå over streken.

På nettet kan ein sjå at dei fleste har gitt terningkast 5, men det er nokon som har gitt terningkast 6 også.

Eg ville kanskje ha gjort det. Men eg seier berre som så: LES BOKA SJØLV.

Eg lærte i alle fall mykje av å høyre den. Eg las den på kort tid, for det var ikkje råd å legge den frå seg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...