mandag, juli 04, 2022

Dagbok 2022: 4.juli. Dronning Sonja har fødselsdag.

 



Kom meg ikkje ut for å ta bilde i går fordi det regna . Dette bildet er tatt tysdag etter at regnet har maltraktert peonane.


Klokka er no 19.13, temperaturen fór ned på 15 grader og det kom litt regn no. Før i dag har det vore opplett, men ikkje sol.

Då eg stod opp i dag var eg betre i foten min enn eg har vore på lenge. Derfor kunne eg sette i gang med mange småjobbar som eg hadde på vent. Eg vaska og rydda på "roserommet" og på data rommet, så tok eg oske ut av omnen og vaska ruta fin og rein. Enda var det ei stund att av føremiddagen, så eg tok den nye kantklipparen minn og klipte---kantar. 

Middagen i dag var risgraut frå laurdag, kan ikkje ete like flott kvar dag.

Så vart det ei stund med avslapping og lydbok. Eg har lese mange bøker av Trude Teige og fleire av dei handlar om folk her på nordvestlandet. Derfor synest eg det var dumt å skrive på bokmål. Men no såg eg at der var ei bok på Storytel, der ho hadde skrive på nynorsk. Og ho som les har dialekten sin frå ytre strøk her, der handlinga er lagt til. Når det gjeld handlinga ligg den ein del år tilbake, og ho skildrar folk og veremåte truverdig - handlinga er meir som ein ukeblad- følgjetong. Dette var ikkje godt "sagt" men håper lesarane legg godviljen til. 

Eg vart frostig då eg sat på datarommet og las, så eg tok på meg strikkajakke og sette meg inn til varmepumpa. Då brått tikkar det inn nokre bilde på telefonen min-bilde av unge folk som hoppar ut i sjøen. Eg kjende fort att både folka og kaia dei hoppa frå- Det var team Margrete i Solund. 

Der var visst ikkje så varmt der heller, eg sjekka temperaturen på trappa og den var +20 grader . Eg kom meg no i alle fall opp av stolen og ut. Der tok eg først å klipte med kantklipparen, før eg klipte plenane opp mot vegen og rundt huset. Det var mykje meir gras enn eg hadde tenkt. Då det var ei stripe att på plenen, begynte det å regne. Viss det blir høveleg ver skal eg klippe Skråninga i morgon, viss eg er like "frisk" då.

Eg har gått glipp av dagsrevyen, men den finn eg lett att. Eg hadde litt problem med TV-en ein dag. Men det gjekk over av seg sjølv.

No ser eg fram til at alle tre "barna" mine skal komme "heim" om ikkje så lenge. Men eg unner dei sjølvsagt å feriere. Eg hugsar kor kjekt Nils og eg hadde det den tida vi for på lykke og fromme i Norge og Sverige. Den tida kjem ikkje att, men slik er det for alle. "Det er ei tid for alt".

Viss det sluttar å regne skal eg ta eit bilde av peonane mine som held på å sprette ut-

Ingen kommentarer: