mandag, januar 17, 2022

Dagbok 2022: 17.januar


            Bildet er tatt på toppen av Storebakken , med utsikt austover mot "Mosmarka."


Klokka er no 17..27, temperaturen ute ligg på 0 grader, men det er meldt regn og mildver i morgon. 

I dag har eg hatt sundagskjensle, ikkje fordi eg har hatt det så koselig etc. men fordi eg ikkje har "gjort" noko. Eg hadde planlagt mykje eg skulle gjere i dag, men så vart det berre rot med søvnen i natt, så eg stod opp og var trøttare enn då eg la meg. Det einaste eg hadde energi til var å strikke og sjå TV. Til all lykke vart det slutt på serien min såpass eg kom meg opp av stolen.

Eg fann ut at det beste eg kunne gjere for å komme i siget var å gå ein tur. Då eg kom ut oppdaga eg at det var så mykje snø at eg måtte moke tunet litt. Det burde eg ha tenkt på før!. Eine bossdunken hadde blitt tatt av vinden, så den fekk eg på plass igjen. Det var godt å ha piggsko i dag også, for det var meir snø enn eg hadde tenkt. Eg gjekk på vegane i dag, gjekk ikkje opp på Vernet. Eg vart meir og meir låk i ryggen og visste nesten ikkje å gå til slutt.(Eg hadde mobilen med, så eg kunne ha gått inn på 113-apen om det hadde gått gale.) Men eg møtte Solveig nabo, som eg ikkje har snakka med før i år, og vi vart ståande å prate, og då vart ryggen bra igjen..

Eg vart litt kvikkare etter turen, så då eg kom heim laga eg meg ei god grønnsaksuppe med pølsebitar. Den retten har eg ikkje hatt sidan i fjor. Etter middag sette eg meg inn i stova med ein kaffikopp- utan serie og spøt. Sat og halvsov og drøymde ei stund utan å vere heilt vekke.

Eg rotar stadig med dagane, til tross for at eg no har eit heilt arsenal av kalenderar. Men i morgon er det i alle fall tysdag og trening. Torsdag må eg skofte treninga for då skal eg ,  saman med Eli, møte som representant for Pensjonistlaget der vi skal planlegge data-kurs og -hjelp for pensjonistar. Det er no aktuelt for tida at pensjonistar skal verte sjølvhjelpte med data. Dei gamle skal digitaliserast fordi vi blir så mange etter kvart at der ikkje er hender nok til å hjelpe oss. Eg for min del er bra digitalisert, men manglar likevel kunnskapar som kan vere gode å ha.Så eg ser fram til meir kursing. Spansk-kurset startar ikkje igjen før i februar.


Dette er gata som går på baksida av husa på oppsida av gata vår. Eg var ikkje klar over kva gata heitte, så eg sjekka på kartet. Det er enden på Vallabøvegen, faktisk, men når rin kjem fram til svingen , møter vi Bjørkevegen..



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...