torsdag, november 26, 2020
Dagbok 2020: 26.november
Klokka er no 16.25,temperaturen ca + 4 grader C. Det såg ut til at vi skulle få fint vêr i dag, men då vi sat i bilen til Marit etter treninga, begynte det å regne igjen. Meir veit eg ikkje, for eg har ikkje vore ute sidan.
Torsdagane er det trening 12.30 -13.30.I dag fekk eg støvsuga alle teppegolva før trening, så det vart no gjort litt. Då eg kom heim, tok eg og kveikte i omnen, for eg syntest det var litt kaldt i huset. Etterpå steikte eg pannekaker av røra som var att frå i går. Sette meg inn i godstolen etterpå og der vart eg sittane i over ein time, såg litt TV, og det var visst ikkje heilt fritt for at eg sovna litt innimellom. Eg har visst fått ein stygg vane der.Arbeidsdagen er ikkje lang for meg no-det blir tidleg mørkt. Eg har tenkt å prøve å få i gang PC-en, hadde eg berre hugsa kva Helge gjporde sist det var problem! Eg skal i alle fall slå av nettverket og starte på nytt, det kan no hende det hjelper. Men då må eg varskue dei nede. I morgon ventar eg Amanda og Margrete og laurdag kl.18 skal eg på hotellet og ete middag i lag med andre pensjonistar, stort sett slike eg har vore i lag med på spanskkurset. I dag trur eg ikkje det blir noko meir å skrive om-og det er kanskje like godt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar