onsdag, november 25, 2020

Dagbok 2020: 25.november

Klokka er no 16.50, temperaturen er + 5 grader C og det har regna i heile dag. I dag var det siste spansktimen før jul, og vi hadde det kjekt som vanleg. Med det same eg kom heim att litt etter klokka 13, sette eg i gang å pynte, fann fram adventstake og stjerne etc.etc. så no begynner det å bli litt julete her. Før brukte eg å pynte med lilla til advent, no tek eg berre litt julepynt for kvar dag. Så laga eg meg middag, i dag vart det pannekaker med bacon og blåbærsylte , det er vår stil. Eg var litt skranten i eine kneet, så eg fann ut at eg måtte mosjonere før det vart mørkt. Litt før halv fire gjekk eg til Vernet og tok ein runde. Hadde ikkje regnjakke på meg så eg vart våt til skinnet, men det er ikkje så farleg. Trudde eg skulle vere der åleine i dag, men brått var der ei heil forsamling. Det var ei trimgruppe som hadde gått Kanalvegen på Vinjevoll opp til Skålavegen og så til Fonnvernet og så skulle dei gå vidare ut att til Vinjevoll, der mange hadde bilane sine ståande. Mellom anna naboane mine; han for ut att og skulle hente bilen, men Marit gjekk heim att for å lage ferdig middagen. Men så hadde ho ikkje nøkkel som passa til døra, så ho kom inn til meg og venta her til mannen kom att. Det var no hyggeleg for meg, folk renn ikkje ned dørene til kvarandre for tida. I går kveld fekk eg melding frå Ingar på Kongsberg, han var i karantene,for ein av gutane i klassen hadde fått Corona. Eg fekk ny melding i dag om at heile familien var friske. Så får vi sjå. Eg går på trening og eg har gått på kurs, men det er veldig strengt både her og der, så eg trur det er trygt. På butikkane kjem ein ikkje så nær dei andre, og vi spritar oss rikeleg. Her i Ørsta er det kontroll på smitten, i Volda er det ein som er smitta utan at dei veit kvar smitten kjem frå. Det er litt utrygt. No skal eg lage meg kaffi, og i dag skal eg ikkje tømme den ned i fanget mitt.Trur eg! Eg tok bilde på Vernet i dag også, men storemaskina funkar ikkje så eg får ikkje lagt dei inn.
Dette er Vikeelva nedanfor Vernet. Fossen til venstre er vatn frå grøfta ovafor Storebakken.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...