lørdag, august 08, 2020

Dagbok 2020: 8.august





Klokka er no 17.00 og temperaturen er + 17 grader så det passar bra.
Tidlegare i dag bøtta det ned med regn i store mengder, og inne vart det så mørkt at eg måtte ha lyset på. Det var ikkje snakk om å få gjort noko ute i dag, men eg hadde flust av jobbar å ta fatt i inne, så det vart ikkje noko problem.
I dag vaska eg bad og kjøkken og etter ein liten pause støvsuga eg alle teppegolvet. Det er nokså tungt for armane mine, verre enn plenklipparen, men eg kom i mål. Til middag i dag hadde eg det samme som i går, altså vegetarmat. Hadde ein liten lesepause før eg kledde meg om og køyrde ned på butikken. Der trefte eg eit par stykke som eg kjende og snakka med. Det eine var ein ung mann på to meter og han utnytta eg-bad han ta ned ein ost som var utanfor mi rekkevidde.
I dag er huset "helgareint"-det skjer ikkje så ofte.
Har ikkje hatt besøk i dag, barnebarna held på å forsvinne til andre kantar av landet. Amanda har flytta inn på hybelen sin i Trondheim, og Olaug skal til Surnadal og ha tannlegepraksis. Ho har eitt år att før ho er ferdig utdanna. Eirik skal  halde fram med musikkstudiar i Trondheim, men han er ikkje reist enno. Margrete skal begynne i jobben sin på mandag, dei skal ha ei heil veke med førebuing før elevane kjem. No er det ikkje sikker korleis det blir verken med studiar eller skule. Det er så trasig med all denne nye smitten no når det var nesten slutt på nye smittetilfelle.
Eg kjøpte to pakkar med JAM syltepulver i dag i tilfelle eg skulle få lyst å koke syltetøy-eg tenkjer mest på solbæra.
Eg har begynt på ei ny bok på Storytel no, den heiter "Aurelia"-det er ikkje så eventyrleg som den eg las før.
Greinene bøyer seg i vinden, men dei er tunge av plommer; nokre er rotne, dei fleste er grønne og nokre har begynt å skifte farge. Alt i hagen er seint i år.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...