fredag, august 07, 2020

Dagbok 2020: 7.august

Dette er kvepsebolet- det er ikkje så stort.



Klokka er 18.00, temperaturen er + 23 grader C og det er opplett, men ikkje sol. Det var meldt bra vêr i dag, så eg rekna med at eg fekk klipt plenane. Men før eg gjekk ut, måtte eg lese litt i boka mi, såpass doggen gjekk ut av graset.
I dag klipte eg både rundt huset, Skråninga og plenen opp mot vegen utan pausar imellom. Eg var ferdig og hadde gått inn, då kom Solveig og Olaug på besøk, dei var ute på biltur. Det var ikkje så lenge dei stoppa, men vi rakk no ein kopp kaffi.
Etter at dei hadde fare laga eg meg middag, det vart salat i dag, dvs. vegetarkost, eg har fått sansen for det. Etter middagen las eg ferdig boka mi.
Eg var ein snartur ut og åt litt stikkelsbær til dessert. Prøvde å rive bort litt eføy i dag også, men som eg har sagt før så hadde eg mistanke om at der var eit kvepsebol innimellom greinene, og i dag fekk eg sjå det; då eg drog i ei grein ramla det ned på bakken eit lite rundt hus. Kvepsane var ikkje så illsinte at dei stakk, men eg får utstyre meg litt betre for å fjerne bolet.
Det har gått opp for meg at eg brukar tid på mange unyttige ting. I går kveld måtte eg gi opp å få til Sudokuen min, men det gjekk litt betre då eg tok den att i dag. Eg trudde eg var løysinga nær, då eg oppdaga ein stygg feil. No har eg begynt på nytt-utan at eg er komen i mål førebels. Sudoku skal vere bra middel mot demens, så eg får unnskylde meg med det.
Merkeleg nok er vi komne til fredag igjen, og no er det tid for skulestart og for jobbing. Sommaren går så altfor fort, og ikkje alle har heilårsferie slik som eg. Det blir meir enn spennande i år -med tanke på corona. Eg er skuffa over alle dei som ikkje har halde seg til reglane og på den måte fører smitten vidare. Men no vil eg  alle fall ønske alle ei god helg- og lykke til med oppstart på jobb og skule.



Eg har nok å henge fingrane i ute i hagen viss eg skal plukke alle bæra.Eg må kanskje sylte også. Jordbæra og bringebæra åt eg opp

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...