torsdag, august 06, 2020

Dagbok 2020: 6.august

To nye plantar i dag




Klokka er no 19.45, temperaturen ute er + 20 grader, det er lettskya og opphaldsvêr. Marit og eg hadde planlagt ein tur i Furene, men den vart utsett til ettermiddag/kveld.  
Eg begynte å plukke rips i dag, men fann ut at den var litt for lite moden, så eg gjekk løs på bringebæråkeren i staden. Det er eit stort prosjekt utan at eg skal gå i detaljar. Eg er langt frå ferdig. Eg er heller ikkje ferdig med eføy-prosjektet- om eg blir det nokon gong. Eg jobba hardt ei stund og då eg hadde fått alt rusket opp i sekker stod eg med 7 fulle plastsekker som måtte på VØR. Eg tok likegodt og dusja og vaska håret før eg lasta inn i bilen 6 sekker med "hageavfall" og køyrde bort på VØR. Den 7. sekken stod att heime, men det blir nok fleire turar i løpet av hausten.
Etter at eg hadde ete restar frå i går til middag sat eg ved datamaskina og la kabal mens eg høyrde bok på Storytel: Liza Marklund: "Perlefarmen"-ei bok som er vanskeleg å legge frå seg. 
Naboen har klipt plen i dag, og viss det vert opplett i morgon må eg gjere det samme. Graset komposterer eg sjølv no. Før om åra har eg male opp kvistar og greiner på kompostkverna, det har eg ikkje gjort i år, derfor får eg mange turar på VØR.
Klokka 18 køyrde eg bort i Furene og då var Marit med. Vi handla på Coop-butikken der. Der var det tilbod på grøne stoveplantar: 2 for 100 kr. Vi kjøpte to kvar, men ikkje samme sorten. Eg har drive og kasta gamle orkidear som ikkje vil blomstre meir, så då må eg erstatte med noko anna. På heimvegen stoppa vi på bensinstasjonen og eg kjøpte bensin på kanna mi, så er eg klar til plenklipp i morgon.


Denne planten fekk eg av ei venninne då Nils døde. Den har blomstra mange gonger sidan. Dei gamle stilkane blir stygge og må vekk så kjem det nye stilkar med nye blomster gong etter gong.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...