onsdag, august 05, 2020
Dagbok 2020: 5.august
Det er framleis problem med bloggen, men no har eg laga nytt passord som vart godtatt, så får vi sjå kva som skjer. Klokka er no 18.15 og temperaturen ute er + 19 grader C . Det er opplett og relativt fint no, i dag morgon var det kaldt og regn. Det var i alle fall ikkje vêr til å plukke rips slik eg hadde tenkt. Eg måtte finne på noko nyttig inne, men etter å ha vaska og rydda 5 kjøkkenskuffer var eg lei. Eg har litt dårleg samvit for at eg ikkje har ete meir av fisken som Geir kjøpte till meg på Vartdal, så i dag tenkte eg å gjere ein innsats. Eg henta opp to små filetar og tenkte eg kunne lage min litt spesielle seibiff -dobbel porsjon. Eg et som regel det same to dagar på rad uansett. For å sleppe å steike så lenge ville eg sette det eldfaste fatet inn i steikomnen for at fisken skulle godgjere seg der. Men steikomnen virka ikkje-så eg slo det frå meg. Men så begynte det å svive oppe i hovudet: "Dette har hendt før! Og kva gjorde vi då?-Jo,vi stilte komfyrklokka". Så gjorde eg det og alt var i orden. Dette viser kor lite eg styrer med matlaging for tida. Det vart i alle fall eit voldsomt middagsmåltid i dag- og der er rikeleg att til i morgon. Eg var så mett etter måltidet at eg måtte legge meg strak ut på dagsenga ei stund. Då stod eg opp og fann fram joggeskorne og tok meg ein tur på Vernet. Eg kan ikkje nekte for at det blir litt mykje Storytel om dagane no når eg ikkje får vere ute og styre på. Eg treng nokre finevêrsdagar til å få plukke rips og stikkelsbær. Eg har framleis ikkje funne ut korleis eg skal få legge bilde inn på bloggen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025:15.desember
Eg saknar ikkje snøen, sjølv om eg synest det er fint med kvit jul. Men eg må rydde litt på tunet, ser eg. Klokka ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar