lørdag, april 04, 2020

Dagbok 2020: 4.april

Klokka er 18.20, temperaturen ute er + 5 grader, og no er det fint vêr ute, har til og med sett litt av sola.
Då eg vakna i dag var eg overbevist om at det var sundag, så eg hadde planen klar for kva eg skulle gjere i dag. Ikkje mykje, men andre ord. Eg sat ved PC-en og chatta med Margrete og ho påstod at det var laurdag- og då måtte eg tru på det. 
Det hadde kome mykje snø sist natt også og Even var ute og mòka. Eg tenkte eg skulle forhindre han i å mòke til meg, men før eg visste ordet av det hadde han moka vegar til meg. Elles har no han og Janne laga eit digert snøhus på plenen. Snøen kan no by på litt underhaldning også. Eg har mòka aldri så lite på altanen-såpass at eg kjem bort til rekkverket når eg skal snakke med Solveig.
Etter kvart som vêret vart finare, fann eg ut at i dag kunne eg få vaska og stelt på soverommet. Eg fekk ha ut både golvteppa og sengetøyet til lufting. Sidan eg hadde så godt grønsåpevatn vaska eg badet og kjøkkenet med det samme, endå eg hadde vaska der før i veka. Det er no kjekt å få gjort litt, om det ikkje er eit dagsverk akkurat. Til middag i dag vart det restar frå i går, og etter eg hadde ete la eg meg på dagsenga og høyrde lydbok. 
Eg hadde så smått tenkt å gå ein tur i dag også, men så tenkte eg at eg heller fekk gå ein lang tur i morgon. Det er ikkje råd å gå stort andre stader enn på vegane enno, det er for mykje snø på skogsvegane t.d. Elles synest eg kvelden kjem midt på dagen no når vi har sommartid. Den 4.april i fjor låg eg på solsenga på altanen og høyrde lydbok.
Eg tenker litt på planane vi hadde for påska i år, dei måtte berre skrinleggast, og det er ikkje godt å vite kva tid vi kan begynne å leve rimeleg vanleg igjen. Kanskje aldri? 
I alle fall vil eg ønske alle ei 
                                                      GOD   PÅSKE

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...