søndag, april 05, 2020

Dagbok 2020: 5.april

Klokka er 16.55, temperaturen ute er + 11 grader C, det er opplett, men skya, sola kjem gjennom berre litt av og til. Men ein får vel kalle dette ein vårdag sjølv om her ligg mykje snø enno.
I dag sat eg og strikka litt og såg TV før middag. Så gjekk eg ein tur her på Vallabøen, men enda opp på Fonnvernet, eller rettare sagt turvegen som heng i hop med vernet. 
Der var relativt mykje snø ,det var ekkelt å gå der, så eg sette meg på ein benk. Då kom der ei dame som eg kjenner relativt godt og vi hadde mykje å snakke om, utan å kome kvarandre for nær. Vi gjekk saman-med ca. 2 meters avstand, til vi kom ned att på asfalten. Då gjekk ho vidare nedover, men eg gjekk heim. 
Eg gjekk innom vaskekjellaren og tok med ein liten fiskefilet. Begynte å lage fiskesuppe og den var ferdig for så vidt då telefonen ringde. Det var Solveig som kunne fortelje at no var vesleguten komen til verda. Det betyr også at ho er bestemor og eg oldemor. Eg hadde no vore innom Facebook tidlegare på dag, men ikkje med det samme eg kom att frå turen. Eg veit ikkje så mykje om sjølve fødselen, men Håkon var no med på slutten, og eg har sett bilde både av far og son. Guten skal heite Amund, det er bestemt for lenge sidan. Han var 50 cm lang og vog 3900 gram, så han er no større enn det mine var.
Etter at eg hadde ete både nok og for mykje av fiskesuppa la eg meg på dagsenga med Storytel. Eg trur eg må høyre om att noko. No har eg kaffien og Twisten klar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...