mandag, april 06, 2020

Bok nr.18 - 2020: Fluktruten

Fluktruten er den tredje boka i serien om etterforskerne Flovent og Thorson.

Krigen har kommet til Skandinavia. I Petsamo i Finland, helt ytterst ved Barentshavet, venter en ung kvinne på at forloveden skal komme fra København. Den unge paret planlegger å reise hjem til Island med skipet Esja. Men forloveden dukker aldri opp på møtestedet, og kvinnen blir tvunget til å reise alene. Da hun stiger i land på Island, kryr det av amerikanske soldater i gatene.

Våren 1943 blir et lik skylt opp på stranden ved Nautholsvik. Et annet sted blir en ung mann grovt overfalt av amerikanske soldater. Samtidig forsvinner en ung kvinne som har tilbrakt mye tid med amerikanske soldater. I etterforskningen av de tilsynelatende ulike sakene blir Flovent og Thorson satt på sitt livs største prøve.
………………………………………………………………………………………………………
For nokre år sidan las eg om lag alle bøkene av Indridason som hadde kome ut til då. Eg likte dei bøkene godt. No fann eg ei ny bok av forfattaren som var heilt annleis enn dei eg hadde lese før. I denne boka er handlinga lagt til Island under andre verdskrigen, noko som var litt interessant sidan eg ikkje visste så mykje om korleis det var på Island den tida. Men av ein eller annan grunn likte eg ikkje boka så veldig godt. Eg skulle vere van med å lese lydbøker, men her hadde eg litt problem med å halde styr på folk. Opplesaren las godt, kanskje for godt, der han opererte med fleire stemmer og med nokså teatralsk framføring med t.d. rop og skrik. Slik framføring vert ofte meir irriterande enn ein skulle tru. Eg ser at boka er nummer tre i ein serie eg ikkje visste om.
Sidan eg i seinare tid har lese mange papirbøker har eg gjort den erfaringa at når boka er enkel, dvs. få personar og "enkel" handling, då er det heilt fint med lydbok, men når det vert litt meir infløkt då vil eg helst ha papirbok , slik at eg kan blade tilbake når det er noko eg ikkje hugsar. Eg synest det er litt kronglete å "blade tilbake" på Storytel.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...