fredag, april 03, 2020

Dagbok 2020: 3.april

Klokka er 17.20, temperaturmålaren på trappa viser 0 grader C. Eg vart litt mismodig då eg stod opp i dag og oppdaga at det hadde kome enda meir snø. I dag måtte eg ut og mòke ante eg ville eller ikkje. Det er forresten ikkje viljen det skortar på-men armane. Eg kledde på meg og skulle ut, men først skulle eg ta eit bilde av snøen- og her er det som kom på bilde. Det er ein som har dukka opp fleire gonger i vinter/vår og mòka til meg. Han gjer det uoppfordra og gratis. Eg har vore læraren hans i ei fjern fortid. Etter at han var ferdig gjekk eg ut og mòka trappa skikkeleg og tok litt snø som låg rundt omkring også. Såpass eg fekk prøve det nye brettet mitt.
Resten av dagen har eg stort sett sete og venta på at det skal slutte å snø. Ville gå ein tur i dag også, slik at eg ikkje rotnar heilt vekk. Akkurat no skin sola litt, men for fem  minutt sidan snødde det. 
Tidleg på dag fekk eg vaska håret mitt og det var på høg tid.
Eg har vore veldig lat i dag, har stort sett sete og høyrt lydbok. Og så har eg chatta litt på Mesenger. Laga skikkelig middag til meg sjølv i dag, pølse+ potet og gulrot, må ete av lageret mitt, no kan eg ikkje vente til eg får gjestar.
Janne har handla til meg i dag også, så no manglar eg ingen ting. No skal eg sjå om finevêret held seg så lenge at eg kjem meg ut. Ønsker alle ei god helg. Han som mòka til meg forkynte at det skal bli 14 varmegrader på mandag. Det er kanskje dags for å ønske GOD PÅSKE også.Eg hugsar påska i fjor, då var det veldig fint.

Dette er heilt ferske bilde.

Hjertet frå Ellen Marie og buketter frå Sigrid og Arne held seg fint.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...