torsdag, april 02, 2020

Dagbok 2020: 2.april



Bilda tok eg kl.19.45


Klokka er 17.30,temperaturen ute er +1 grad C og det har snødd i heile dag. Eg synest ikkje det er så populært, men det skal noko til at eg går ut og mòkar, sjølv om eg har eit fint, nytt brett. Ikkje skal eg ut med bilen og ikkje skal eg ut sjølv heller.
Denne dagen har gått veldig fort, så langt. I går kveld var eg streng med meg sjølv. Då gav eg ordre om at eg i alle fall skulle vaske og rydde kjøleskapet i dag. Så då vart det gjort. Tok øvste skuffa i frysedelen også, det lagar det seg utruleg mykje is.
Sidan eg var i siget tok eg  eit par kjøkkenskuffer og rydda og vaska dei også.
Så fekk eg ein telefon, og prata ei stund med henne som ringde, då eg la på var det ei anna venninne som var på tråden. Innimellom prata eg med Marit og Margrete på Messenger.
Så vart det tid for middag etter kvart og i dag hadde eg restar frå i går, så det var no lettvint.
Etter at eg hadde ete og drukke kaffi, la eg meg på dagsenga og høyrde bok på Storytel. Etter ei stund ringde telefonen igjen, og no hadde eg Bodil på tråden. Og vi hadde mykje å snakke om, telefonen var tom for straum etterpå, no ligg den til ladding.
I dag tidleg var eg så låk i hendene at eg bestemte meg (nesten) for å slutte å strikke. Det blir vel ikkje HEILT slutt, men eg kan ikkje strikke mykje pr.dag.
Det er heit greitt å vere i karantene, hadde det berre blitt betre vêr slik at det går an å vere ute. I dag kjem eg meg ikkje ut for å gå tur i det heile tatt.
Janne skal på butikk i morgon, så eg får lage ei handleliste. Det er rart med det, eitt eller anna manglar ein støtt.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...